SmartFDVForvaltning, drift, vedlikehald

Ny løysing, etablert leverandør

FDV-system for kommunale bygg og eigedomar

SmartFDV samlar eigedomsregister, vedlikehaldsplan, avvik, internkontroll, brannvern, reinhald og utleige i eitt system. Bygd for norsk kommunal forvaltning, med bygningsdelar etter NS 3451, innlogging via EntraID og heile løysinga på både bokmål og nynorsk.

Dashbordet i SmartFDV: kort for kritiske avvik, forfalne kontrollar og bygningar med tilstandsgrad 3, tal på opne arbeidsordrar og avvik, og ei tilstandsoversikt fordelt på TG0 til TG3.

Posisjon

Ny løysing, etablert leverandør

SmartFDV er eit nytt produkt. Det er bygd dei siste åra med kommunal FDV som einaste føremål — ikkje som ei tilpassing av eit eldre system laga for ein annan bransje eller eit anna tiår.

Bak løysinga står JProfessionals AS, eit norsk konsulent- og produktselskap med rundt 75 tilsette og lang erfaring med å levere og forvalte system for offentleg sektor. Vi utviklar, driftar og støttar SmartFDV sjølve, utan underleverandør og utan driftspartnar.

Kva det tyder for deg

Kommunar som tek i bruk SmartFDV no, formar produktet. Behov frå driftsleiarar, byggforvaltarar og reinhaldsleiarar hamnar ikkje bakarst i ein kø bak tusen andre kundar.

Meir om JProfessionals

Omfang

Kva systemet dekkjer

Heile FDV-oppgåva i eitt system — frå eigedomsregisteret og teikningane, gjennom dagleg drift og avvik, til vedlikehaldsplanen og budsjettgrunnlaget.

Eigedom, bygg og rom

Komplett register over eigedomar, bygningar, etasjar og rom, med areal, teikningar og bygningsdelar strukturerte etter NS 3451.

Vedlikehald og tilstand

Planlagt vedlikehald med tilstandsgrad og livssykluskostnader, slik at etterslep og investeringsbehov kan dokumenterast og prioriterast over tid.

Avvik og arbeidsordre

Avvik blir meldte frå mobil eller nettlesar og følgde vidare til arbeidsordre, ansvarleg og frist. Same flyt for driftspersonell, reinhald og eksterne leverandørar.

Mobil og offline

Dokument og teikningar blir lesne utan dekning, og avvik og kontrollar blir registrerte offline og sende når nettet er tilbake. Eit teknisk rom i ein kjellar har sjeldan signal.

Internkontroll og brannvern

Kontrollrutinar, sjekklister, brannbok, øvingar og avvikshandtering samla, med sporbar historikk.

Reinhald

Reinhaldsplanar per rom, tildeling til reinhaldarar og team, kvalitetskontroll og avvik.

Utleige og bustad

Leigeforhold, leigetakarar, kontraktar, husleige og oppfølging av inn- og utflytting.

FDV-dokumentasjon

Dokument, teikningar og produktdatablad knytte til bygg, rom og komponentar. Plantegningar og IFC-modellar blir viste i nettlesaren, utan eige teikneprogram.

Energi og kostnad

Energioppfølging og kostnadsbilete per bygg, som grunnlag for prioritering.

Bokmål og nynorsk

Målforma følgjer brukaren, ikkje installasjonen. Brev, varsel og rapportar går ut på målforma til mottakaren — òg husleigefaktura og brannbok.

Innmelding frå innbyggjarar

Publikum melder feil med bilete frå ei open side, eller ved å skanne QR-koden i rommet. Innmeldinga går inn i den same avvikskøen som resten.

Booking av lokale

Gymsal, møterom og grendehus blir booka av publikum sjølve, med prisar, prisreglar og avbestillingsvilkår per kundegruppe.

Berekraft

Klimarekneskap med scope 1, 2 og 3 etter GHG-protokollen, der scope 1 og 2 blir avleidde frå energibruken som alt er registrert.

KI-assistent

Hjelper med gjenfinning, oppsummering og forslag. Brukaren stadfestar alltid før noko blir endra, og tilgangsstyringa gjeld òg for assistenten.

Sjå full funksjonsoversikt

Brukarane

Laga for dei som faktisk brukar det

Eit FDV-system er lite verdt dersom vaktmeisteren ikkje tek det i bruk. SmartFDV er bygd for å fungere på mobil ute i bygget, ikkje berre på ein kontorskjerm — og med universell utforming etter WCAG, fordi kommunale system skal kunne brukast av alle tilsette.

Det gjeld òg der det ikkje er dekning. Dokument og teikningar blir lasta ned på førehand, og avvik og kontrollar kan registrerast offline og sendast når nettet er tilbake. Eit teknisk rom i ein kjellar er som regel både utan signal og staden dokumentasjonen trengst.

Slik ser det ut

Reinhaldsplanleggjaren i SmartFDV: plantegninga til bygget der romma som er tildelte ein reinhaldar er markerte i blått, med teiknforklaring for tildelt, utan reinhaldar og låst.
Reinhald blir planlagt på plantegninga, ikkje i ei liste.
Mobilvisinga i SmartFDV: stor knapp for å rapportere avvik med kamera, snarveg til dagens rute, teljarar for opne avvik, kontrollmalar, arbeidsordrar og bygningar, og ei liste over siste avvik.
Mobil: avvik blir meldte der dei blir oppdaga.

Data og drift

Drift innanfor EØS, dataa dykkar er dykkar

SmartFDV blir drifta på infrastruktur innanfor EØS. Kommunen eig sine data, og full eksport er tilgjengeleg frå første dag — ikkje som ei tilleggsteneste ved eit eventuelt avtalebrot.

Tryggleik og personvern